Vår historie og fokusområder
Kåsa og Ringhus Entreprenør er eit entreprenørfirma som blei danna i 2015. Firmaet er ein fusjon mellom Ottar Ringhus AS som starta opp i 1988, og Svein Tore Kåsa AS som starta opp i 2001. I dag er firmaet eigd av Svein Tore Kåsa, Gunnar Ringhus og Henning Reinsviki.
Me har hovedkontor og verkstad i Åmot i Vinje, samt verkstad og kontor i Vågslid. I Edland har me eget steinbrudd, der har me eit mobilt knuseverk og me tek på oss knusing for andre entreprenørar og kundar. I Vågslid driv me med utvikling og bygging av hyttefelt og tomter.
Markedet vårt er stort sett i Telemark, men me har og hatt prosjekt både på østlandet, sørlandet og på vestlandet. Me er 40 ansatte som inkluderar mange dyktige fagfolk med ulike fagbrev, samt ingeniør og anleggstekniker. Me er godkjent opplæringsbedrift og har til ein kvar tid inne 2-4 lærlingar. Dette gjer at me er med på å sikre rekrutteringa av fagfolk til bransjen.
Me jobber med grunnarbeid, bygging av kraftverk, rehabilitering av dammer, natursteinsmuring, terskelbygging, transport, boring, sprengning, knusing. På vinteren har me brøyting med traktor i hyttefelt og med lastebil etter europaveg og fylkesveg.
Kåsa & Ringhus Entreprenør AS er opptatt av sikkerhet. Sjå oss skal alle vere med å skape trygge arbeidsplassar. Våre ansatte skal ha eit godt arbeidsmiljø, som sikrar ein helsefremmande og meiningsfull arbeidskvardag.
Vårt hovudmål er å levere gode tjenestar til riktig pris og kvalitet, og i nært samarbeid med kundens ønsker. Vårt omdømme skal vera basert på gjennomføringsevne og gode løysingar. Me har nokre av bransjens dyktigaste fagfolk og ein moderne maskinpark. Me har internkontrollsystem som ser til at alt blir utført i henhold til gjeldande lover og reglar. Me har implementert ISO standarene ISO 9001, ISO14001 og 45001 (utenom punkt 8.3, då me ikkje driv med utforming og utvikling av produkter og tjenester). Dette sikrer våre kundar at jobben blir utført på ein mest mogleg effektiv og miljøvennleg måte, og sikrar leiinga sitt engasjement og tilstrekkelege ressursar for implementering.